To All the Boys: Always and Forever - Filmdagbok

To All the Boys: Always and Forever 2021

Lana Condor og Noah Centineo er tilbake i hovudrollane i denne tredje To All the Boys-filmen på Netflix. Den første filmen handla om Lara Jean som 16-åring, som opplever at den yngre søstra har sendt avgarde kjærleiksbrev på vegne av ho, som ho hadde skrive fem år i forvegen. Dei mange som mottek breva utgjorde ein artig film der ho slit med å velje.

I oppfølgjaren så handla det om at ho stilte spørsmål til valet sitt. Hadde ho valt rett kjærast? Det enda opp med å bli ein meir preglaus romantisk komedie som ikkje var så på spissen som den første. Og ut frå den opplevinga så hadde eg ikkje dei største forventingane til To All the Boys: Always and Forever, men hadde likevel lyst å sjå han.

Her handlar det om tida på siste året på high school, som for Lara Jean og kjærasten betyr å sjå fram mot å gå på same college. Det er iallfall planen deira at dei begge skal på Stanford. Tematisk sett så følgjer filmen opp dei to førre godt. Det handlar om å ta vanskelege val, som er vanskelege sett i lys av alderen og kva som er viktig då. For Lara Jean og kjærasten så er det i utgangspunktet viktig å kunne vere i lag resten av livet. Men heldigvis dukkar det opp ulike hendingar som gjer at det også her blir sentralt å måtte ta nokre val.

Første film, To All the Boys I've Loved Before, var ein film som stod godt på eigne bein. Mens oppfølgjaren, To All the Boys: P.S. I Still Love You, var litt unødvendig når eg såg han. Og etter å ha sett denne filmen, har den andre filmen blitt redusert til eit litt mindre viktig steg på vegen. To All the Boys: Always and Forever tar meir plass igjen. Her handlar det om oppbygginga til eit punkt i livet der ting verkeleg kan endre seg. Karakterane står på dørsteget inn i framtida. Når eg no skriv om det, så tenker eg på kjensla som American Grafitti ein gong gav meg, ein film som på norsk hadde tittelen Siste natt med gjengen, og handla om ungdommar frå same stad som aldri meir skulle ha livssituasjonen og high school sin til felles. To All the Boys: Always and Forever er ikkje heilt der, men er inne på noko av det same. Og slik sett er det både ein film som kan opne for fleire To All the Boys-filmar som kan bli litt annleis og fornya, eller det kan fungere som ein fin og open slutt på ein filmserie.

To All the Boys: Always and Forever er vel verdt å sjå om du likte To All the Boys I've Loved Before. Sjølv om To All the Boys: P.S. I Still Love You ikkje var den beste, så vil eg anbefale å sjå han også før du kjem så langt som til denne.