Hopp til hovedinnhold
Plakat for To Be or Not to Be (1983)

To Be or Not to Be

Film
2

To Be or Not to Be var ein film eg begynte å sjå på, gløymte at eg hadde sett på pause, og såg ferdig ein månad seinare. Med det har eg allereie sagt at dette ikkje er min favorittfilm gjennom tidene.

Oppstykka og i porsjoner er det mykje bra å hente i To Be or Not to Be. Parodiar og krigshumor med brodd, artige forviklingar og ein generelt lystig tone er noko eg set pris på.

Men som heilskap er dette utan mykje framdrift og har for mange dødpunkt. Mesteparten av humoren treff ikkje eller kjennest datert. Og eg endar opp ganske så uengasjert. Til den grad at eg set på pause, og som sagt gløymer filmen for ein lenger periode.

Samspelet mellom Mel Brooks og Anne Bancroft gir langt meir glede for skribenten på Une Cinéphile (unecinephile.blogspot.com). Omtalen finn dei herlege som par, og meiner at dei tullute forviklingane er eit godt møte med humoren til Mel Brooks. Eg finn også artige innslag, men får ikkje den same flyten gjennom heile filmen. Dei gode porsjonane er for spreidde til å halde interessa mi oppe.

Kva meir kan eg sei? Eg har ikkje sett To Be or Not to Be frå 1942, men er smått nysgjerrig då han generelt har scora høgare i rangeringar. Det verkar meir lovande å sjå ein film som var dagsaktuell om temaet då han kom ut.