Hopp til hovedinnhold
Plakat for Toby Tortoise Returns (1936)

Toby Tortoise Returns

Film
3

Toby Tortoise Returns er ein slags oppfølgar til The Tortoise and the Hare. I den første filmen møttes dei til eit kappløp. I denne møtes dei i ein boksekamp. Igjen er det ein innbilsk hare som med hurtigheita si ventar ein sikker seier. Men den langsame skilpadda tenar på det som den sjølvsikre haren steller i stand.

Det er ikkje mykje å seie om denne kortfilmen, som er ein Silly Symphony-film frå Disney. Historia er knapp, lengda er kort og han er ikkje så god som forgjengaren sin. Men det er framleis god animasjon og passe tøff teiknefilmvald, og sidan lengda er kort så er det lett å sluke.

Dr. Grob’s Animation Review (drgrobsanimationreview.com) har større sans for denne oppfølgaren enn eg har. Skribenten rosar den ville humoren og gleda ved å samle fleire kjende Silly Symphony-figurar rundt boksekampen. Det er eit fint blikk på kva den knappe historia prøver å få til. Ho skal først og fremst gi rom for påfunn, og den korte lengda hjelper filmen med å halde leiken i gong.