
Tôkyô goddofâzâzu
Det er juletider i Tokyo i Tôkyô goddofâzâzu. Tre heimlause venner, eller i det minste kjente, finn eit forlate barn i ein stabel av kasteklart skrot. Blant desse tre avgjer transvestitten Hana at dei skal ta hand om barnet.
Slik startar ein gatevandring gjennom Tokyo i snøveret på jakt etter mat og foreldre. Me blir vitne til mirakel etter tilfeldigheiter etter mirakel, og filmen går utan stopp og utan dødpunkt fram til siste slutt.
Forventingane mine til animedrama er annleis enn til vanlege drama. Eg merkar lettare når ein animefilm sakkar på farten. Tôkyô goddofâzâzu overraska positivt når han som dramakomedie klarte å fullføre med både latter og tårer som resultat. Det er vel verdt å legge til at dette er vel så mykje komedie som drama, og såleis inga altfor sentimental julehistorie.
Ansikta får mykje av æra på The Animated Advocate (animatedadvocate.wordpress.com). Skribenten rosar korleis dei blir strekte og forvrengde i dei komiske scenene, medan sorg får eit like sterkt fysisk uttrykk. Det er ei interessant utdjuping av kvifor filmen klarte å gi meg både latter og tårer. Animasjonen held ikkje berre forteljinga i rørsle, men lar kjenslene vere like levande som alle dei utrulege hendingane.
På engelsk heiter filmen Tokyo Godfathers.
