
Tomorrow, When the War Began
Tomorrow, When the War Began er ein australsk ungdoms- og krigsfilm, basert på ein bokserie på sju av John Marsden.
Åtte ungdommar kjem heim til eit invadert Australia etter nokon dagar ute i det fri. Dei må finne ut kva som har skjedd, unngå å bli fanga. Og dei må kjempe tilbake.
Tomorrow, When the War Began er så mangt. Han er tøff, ser stort sett bra og realistisk ut. Men så trakkar han skeivt eit par gonger. Unødvendig idioti styrer retninga til filmen. Alvoret som burde prege han forsvinn noko.
Eg taklar ikkje idioti på film, men resten er bra nok.
Thomas Caldwell på Cinema Autopsy (blog.cinemaautopsy.com) meiner dei vellukka actionsekvensane veg opp for at ungdommane lærer seg enkelte ting utruleg raskt. Han finn også ei truverdig kjenslemessig utvikling i gruppa. Eg blir meir irritert når vala deira dreg alvoret i feil retning, men ser styrken i mykje av det same. Det er nok fart og overtydande gjennomføring til at filmen fungerer, sjølv om han ikkje held stø kurs heile vegen.
Dette skulle vere starten på ein filmserien, men oppfølgaren blei avlyst.
