
Top Secret!
Top Secret! er ein av desse satiriske, parodiske komediane som kom på starten av 1980-talet etter Airplane!. Filmen er laga av dei same folka som stod bak Airplane!, noko som fort blir merka i den komiske linja som blir køyrt, sjølv om det er ein annan sjanger.
Val Kilmer har hovudrolla i det som er filmdebuten hans. Som ein Elvis Presley-liknande type ved namn Nick Rivers. Handlinga går føre seg i Aust-Tyskland etter andre verdskrig, der han blir innblanda i eit større militært komplott og motstandsrørsla.
Det er komedien som er det viktigaste her, sjølv om det er ein god ting at historia også heng på greip. Det vil seie, historia er dryg, og det er humoren i ho også. Det mest utprega komiske er derimot det som dukkar opp overalt. I form av bokstaveleg tolkingar av ord og uttrykk, manifestert i visuelle innslag. Klisjear som er utnytta til det ytste for humoristisk effekt. Tullete namn, snodige karakterar. I grunnen er det meste gjort som kan snu på ting for å få fram litt latter.
Humoren er altså det eg set størst pris på med Top Secret!. Men helst i mindre doser enn her, og trass i den korte speletida så blir det for langt for min del. For å kunne glede meg over komedien tok eg difor ein pause midt i. Ettersom dei artige innslaga stort sett gjentar seg sjølv på ein eller annan måte, så er det lite nytt etter ei stund.
På 30 Years On – 1984 a Great Year for Movies (70srichard.wordpress.com) blir den lause historia skildra som ei rekke sketsjar. Skribenten meiner likevel mengda gode visuelle vitsar gjer filmen svært underhaldande, også ved gjensyn. Eg får også mykje glede av dei enkelte innslaga. Skilnaden er kor lenge den gleda varer om gongen. Når eg først har sett mønsteret, treng eg eit avbrekk for å ta imot meir av det same.
