Tous à l'ouest: Une aventure de Lucky Luke - Filmdagbok

Tous à l'ouest: Une aventure de Lucky Luke 2007

I denne franske teiknefilmen følger me Lucky Luke som tar turen frå aust til vest i USA. Dalton-brørne har rømt til New York med eit ransutbyte, som dei så gøymer i hestevognene til europeiske immigrantar som er i ferd med å legge ut på den strabasiøse ferda til California.

Lucky Luke blir pressa til å verna immigrantane, og sånn støyter tilfeldigvis hans og vegane til Dalton-brørbe saman. Samtidig vil ein fyr, Cook, hindre dei i å nå California. Landet han har selt til immigrantane, må krevjast innan 80 dagar. Og han vil eigentleg ikkje gi det frå seg.

Undervegs skjer det ein god del action. Blanda inn med kjente utfordringar knytt til amerikansk geografi, historikk og dei ulike interessene involvert i turen. Lucky Luke er etter mi meining ein slapp og kjedeleg karakter i denne filmen, og resten er også passe flatt humoristisk sett. Men filmen ser bra ut, har ein del fiffige idear å spele på, og går sånn passe heim totalt sett. Inga anbefaling, i den svake enden av den positive enden av skalaen, men ikkje direkte dårleg.

Filmen heiter Go West: A Lucky Luke Adventure på engelsk.