Trafic - Filmdagbok

Trafic 1971

Den fjerde og siste Monsieur Hulot-filmen er kuriositeten Trafic. Han handlar om trafikk.

Den pussige mannen Monsieur Hulot er her ein designer av bilar, rettare sagt bil, og meir konkret ein campingbil. Filmen går ut på at bilen skal fraktast frå Paris til ei bilmesse i Amsterdam, ein tur som går alt anna enn knirkefritt.

Som eg har blitt van med i Monsieur Hulot-filmane handlar dette om alt det rare som skjer undervegs. Humoren ligg i dei store mengdene detaljar og observasjonar av oppførsel. Det er lite tale, mest mumling, men rikt på andre lydeffektar. Passande til detaljfokuset som filmen har.

Det kan godt hende eg endar opp med å kjede meg mot slutten, ettersom eg helst kunne likt noko meir gripande emosjonelt eller historiebasert. Men eigentleg er filmen like god heile vegen, og små humoristiske glimt er spreidd utover det heile. Sant skal seiast så lo eg meir i løpet av Trafic enn i ein typisk gjennomsnittleg grei til god komedie.