Hopp til hovedinnhold
Plakat for Trainwreck (2015)

Trainwreck

Film
3

Amy Schumer spelar ei kvinne som ikkje har tenkt å slå seg ned med ein fyr og satse på greier relatert til forhold. Ho har blitt prega av ein far som har preika om dei negative sidene ved monogami.

Filmen viser til karrieren og det rike kjærleikslivet hennar, og historia bygger seg etter kvart ut frå desse. Det eine utelukkar ikkje det andre, men dei vil etter kvart ha ei tyding i lag for kor karrieren og kjærleikslivet til karakteren Amy går.

Ikkje overraskande vil synet hennar bli utfordra, men vegen er lang og humpete og full av dei frekkaste vitsane og poenga.

Trainwreck er artig til tider, men eg har nok etter kvart gått lei av den rølpete humoren som Judd Apatow har adoptert i mange av sine seinare filmar. Amy Schumer står for manuset, og har ein humor som går i same retning, og sånn sett passar dei godt i lag. Så mi vurdering til midt på treet går på forma for humor denne gongen.

Zachary S. Marsh på Zachary S. Marsh’s Movie Reviews (moviekid-zach.blogspot.com) finn den største overraskinga i dramaet mellom hovudpersonane. Han meiner Amy Schumer og Bill Hader får forholdet til å kjennast ekte, sjølv om enkelte scener held fram for lenge. Det er eit anna tyngdepunkt enn mitt. Eg blir meir sliten av den rølpete forma, men ser at eit forhold å bry seg om kan gi vitsane meir å stå på.