Transformers - Filmdagbok

Transformers 2007

Opphavleg skulle eg styre unna Transformers, eg har aldri hatt noko forhold til salsvara og tykkjer at konseptet verka døvt, men mykje skryt av spesialeffektane gjorde meg nysgjerrig.

Alle veit kva Transformers er, ingen vidare introduksjon er nødvendig. I filmen truar ein vond botleif eller whatever jordkloten. Shia LaBeouf som puslete ungdom rotar seg inn i midten av kampen om ein boks. Ei enkel historie det blir brukt lang tid på å fortelja.

Eg går rett på sak, Transformers er eit godt eksempel på den moderne storfilmen. Mange smell, lys og fyrverkeri i stor skala, imponerande utført og visuelt overlegen mot blant anna storfilmen Spider-Man 3 som kosta 100 millionar dollar meir å lage, men lite substans. For meg er ikkje fyrverkeri nok, når eg ser forbi ein oppbrukt variant av redd verda-historia står Transformers igjen i slitne underbukser.

Kanskje Transformers kunne ha blitt tøffare om han hadde hatt høgare aldersgrense. Om det hadde blitt kutta ned på lengda. Om filmen hadde formidla meir om ein mytologi og hatt mindre fyrverkeri. Om nokre skodespelarar var bytt ut. Om filmen hadde mista nokon av dei ubetydelege sidehistoriene. Og om andre småting var blitt gjort.

Slik som det er her blir det berre action som eg ikkje likar. Dei personlege sidene ved personane Sam Witwicky og Mikaela Banes har lyspunkt som løftar inntrykket mitt og eg tenkte tanken at det kanskje hadde vore ein artig film om robotane hadde vorte verande køyretøy og dette blitt gjort om til ein ungdomsfilm. Men så kom eg til å tenke på Christine og blei sittande med den tanken resten av filmen. Transformers er som Christine av John Carpenter på nytt.