Transporter 2 - Filmdagbok

Transporter 2 2005

Herregud. Eg håpar seriøst dette er meint å vere ein spøk frå produsent Luc Besson si side for å vise kor langt du kan kome med eit etablert namn, eller noko i den retninga.

Å gå frå The Fifth Element og Léon til dette? Det skal ikkje gå an. Stunta her er så overdrivne at det kan få ein mann til å grine. Og nokon av effektane her er så dårlege, at ein venn av meg sa at han kunne ha laga det betre i badekaret.

Men i det minste så kjeda eg meg ikkje i hel, dårlege filmar kan i blant nytast som komedie, og eg hadde nokre latterbomber innimellom her.