
Tři oříšky pro Popelku
Tři oříšky pro Popelku er ein tsjekkisk film som går på NRK kvart år på julaftan. Det var ikkje før i 2018 at eg fekk sett filmen i heilskap for første gong. Knut Risan har alle stemmene i den dubba versjonen som går på NRK, og det var denne eg såg. Det er tradisjon for mange å sjå filmen.
I 2023 fann eg versjonen med original tale og teksting, og såg denne. Noko eg kjem tilbake til mot slutten.
På NRK har filmen fått tittelen Tre nøtter til Askepott.
Filmen er ei klassisk filmatisering av historia om Askepott. Ei ung kvinne som eigentleg er arving av rikdomane til faren sin, men som har ei stemor og ei stesøster eller to som herskar over ho. Namnet Askepott kjem av at ho må feie sot og aske ut or omnen, og gjere andre skitne oppgåver som tenestepike. Så ein dag får ho tre neter som kvar gir ho eit ønske. Desse brukar ho for å få innpass hjå ein prins.
Det er ein restaurert versjon som har blitt sendt sidan 2015, og han ser verkeleg bra ut. Lyden er vanskeleg å dømme, bortsett frå i musikken når dubbinga er fråverande, men han verkar bra. Historia er god, og filmen er ikkje så altfor lang. Det er humor. Og det er det gode mot det vonde. Eller det rettferdige mot det urettferdige.
Vinterstemninga og fargane får mykje ros frå Jordan Bosch på Reviews of the Bosch (reviewsofthebosch.blogspot.com). Han trekker òg fram at Askepott er meir aktiv og opprørsk enn mange andre versjonar av figuren. Det gir eventyret ein eigen sjarm, sjølv om grunnlaget er velkjent. For meg er dette ei fin påminning om at filmen har meir å by på enn berre plassen sin i juletradisjonen.
Eg kan anbefale å sjå filmen ein gong i det minste, frå start til slutt.
Sidan 2018 har eg tenkt at eg gjerne skulle ha sett denne filmen med opphavleg lydspor. Det er slik eg føretrekk å sjå filmar. Men sidan det er den dubba versjonen som har gått på NRK i alle år, så har eg ikkje store problemer med å sjå han slik heller.
Men når eg endeleg i 2023 såg den original versjonen, så fekk eg eit litt anna inntrykk av filmen. For det første så er det meir som blir sagt, og meir informasjon som blir formidla enn i den dubba versjonen. Det gjorde at meir i filmen gav meining, og at det flaut betre.
Med original tale på lydsporet blei ein del komikk strippa vekk. Den onde stemora er passande nok meir ufyseleg i fråveret av Knut Risans tilgjorte stemme. Og ei ond stemor gjer meg meir engasjert for lagnaden til Askepott.
Midt i filmen oppdaga eg også at NRKs versjon har fjerna fleire scener frå ei revejakt. Det er ikkje ei nyheit at dette har blitt fjerna, viser eit kjapt søk seg. Men for meg var det nytt. Og det ser brutalt ut, sjølv om det ikkje skal vere ekte.
Er du ein av dei som må ha med deg denne filmen årleg, men ikkje er så nøye på i kva form, så vil eg anbefale å sjå han med opprineleg tale.
