Hopp til hovedinnhold
Plakat for Triumphs of a Man Called Horse (1983)

Triumphs of a Man Called Horse

Film
2

Den tredje filmen i serien om A Man Called Horse har vist seg å vere vanskeleg å få tak i. Så når eg omsider fekk sett han, så var det i låg kvalitet. Grumsete bilde i låg oppløysing, og til dels støyfull og skarp lyd. Men eg var bestemt på at no ville eg sjå Triumphs of a Man Called Horse.

Richard Harris trekk seg litt tilbake og gir plass til Michael Beck som spelar sonen hans, Koda.

Det handlar om territoriet til Sioux-indianarane, som blir pressa av ei mengde folk som kjem for å leite etter gull i Black Hills utan lov.

Ei gruppering forsøker å få det til å sjå ut som at indianarane har brote ein avtale om område og fred, så dei kan få tilgang til Black Hills.

Koda tek opp kampen mot det han meiner er urettferdig oppfølging frå lova si side.

Det er klart at opplevinga mi er prega av ein bildekvalitet så dårleg at eg ikkje så ansikta godt nok. Men lyden var god nok til å få med seg alt det vesentlege. Eg likte historia, men fekk litt inntrykk av at dette kunne ha vore ein episode i ein eldre westernserie. Kanskje fordi filmen også var i 4:3-format.

Ein litt meir positiv reaksjon finn eg hjå Mark Franklin på Once Upon a Time in a Western (onceuponatimeinawestern.com). Han meiner filmen manglar det store formatet til forgjengarane, men finn likevel noko morosamt i den overdrevne tonen og i korleis Koda og Redwing saboterer for nybyggarane. Eg likte jo historia, sjølv om heilskapen ikkje løfta seg for meg. Omtalen hans viser at den enklare forma òg kan ha ein sjarm, sjølv om eg ikkje fekk så mykje ut av henne.

Totalen var for meg under middels god. Og som alltid på Filmdagbok så vurderer eg ikkje filmar i eit forsøk på ein objektiv standard, men mi oppleving der og då, med alle faktorara eg vel å vektlegge.