Den andre franske filmen i Trois couleurs-trilogien går for det meste føre seg i Polen, og har ein polsk mann i hovudrolla. Og når regissøren i tillegg framleis er polsk, så er det eigentleg ikkje så mykje å holde igjen på til å kalle det ein fransk film.
Mannen i hovudrolla, Karol – den polske versjonen av namnet Karl (Zbigniew Zamachowski), er i utgangspunktet i Frankrike, der han er nyskilt frå den franske kona si Dominique (Julie Delpy) fordi han ikkje har klart å tilfredsstille ho etter dei gifta seg. Ute på gata, utan pengar og pass, møter han ein polsk mann som hjelper han tilbake til Polen, der han set i gang med ein plan for å få Dominique tilbake.
Analyse driv eg vanlegvis ikkje med, og kvit er ein farge som ikkje har så tydeleg meining som blå for min del. Men les eg litt rundt omkring så dukkar ord som håpefull, reinheit, ekstase og uskuld opp. Dette stemmer for så vidt med dei inntrykka eg fekk i filmen, så skal ikkje gå så mykje vidare innpå det. Elles blir scener der kvitfargen er utheva vel brukt og for så vidt. Musikken er ikkje like kraftfull som i Trois coluleurs: Bleu, men spelar også ei viktig rolle her.
Filmen heiter Three Colors: White på engelsk.