Hopp til hovedinnhold
Plakat for Trois couleurs : Bleu (1993)

Trois couleurs : Bleu

Film
4

Juliette Binoche. Benoît Régent. Krzysztof Kieslowski. Kraftfull filmmusikk. Sørgeleg undertone, blå. Fransk. Lågt tempo. Tankevekkande. Flotte bilde, blå.

Stort sett dei mest tydelege tankane mine når eg så filmen er oppsummert i første avsnitt. Greia med namnet til Krzysztof Kieslowski hugsa eg nok ikkje bokstaveleg, men tenkte litt på det i starten. Mannen er polsk og lagde stort sett polske filmar, før han avslutta karrieren med fire franske. Av desse høyrer tre til trilogien Trois couleurs: Blå, kvit og raud, som i det franske flagget.

Julie (Juliette Binoche) spelar enka til ein velrenomert komponist som dør i ei bilulykke saman med dottera deira. I ettertid av ulykka ønsker ho å komme vekk frå alt og alle, og leiger ein leilegheit under jentenamnet sitt. Olivier (Benoît Régent) vil prøve å fullføre den siste konserten til den avlidne komponisten, og har også lagt sin elsk på Julie.

Musikken er det viktigaste verkemiddelet i filmen. Gongane som bilde stopper opp og musikken tar overhand får det til å krible i heile kroppen, det same kan seiast om sekvensane der fingeren som stryk over notane på eit ark spelar alle instrumenta oppført.

Oscar Aitchison på OscarA film reviews (oscaraitchison.substack.com) legg også merke til korleis musikken bryt inn og blir følgd av mørke før bileta kjem tilbake. Han les desse brota i samanheng med sorga Julie ikkje klarar å sleppe unna. Det gir ei fin utdjuping av det eg først og fremst merkar fysisk. Musikken er ikkje berre noko som ligg under scenene, men noko som grip inn i sjølve måten me får sjå livet hennar på.

Blå er fargen som Julie prøver å unngå, men likevel ikkje vil gi slepp på. Av dei få tinga ho tar med seg når ho flyttar er ei blå lampe. Mange av bilda i filmen har ein blå tone som stadig minner oss på kvifor Julie er kommen dit i livet som ho er, og gjer at den sørgelege undertonen blir godt halde på.

Eg ser med stor glede fram til dei neste filmane i serien. Eg håpar musikken og bilda gjer det same inntrykket som her. Dei treng ikkje vere like triste. Det ventar eg heller ikkje med fargane kvit og raud.

Filmen heiter Three Colors: Blue på engelsk.