Juliette Binoche. Benoît Régent. Krzysztof Kieslowski. Kraftfull filmmusikk. Sørgeleg undertone, blå. Fransk. Lågt tempo. Tankevekkande. Flotte bilde, blå.
Stort sett dei mest tydelege tankane mine når eg så filmen er oppsummert i første avsnitt. Greia med namnet til Krzysztof Kieslowski hugsa eg nok ikkje bokstaveleg, men tenkte litt på det i starten. Mannen er polsk og lagde stort sett polske filmar, før han avslutta karrieren med fire franske. Av desse høyrer tre til trilogien Trois couleurs: Blå, kvit og raud, som i det franske flagget.
Julie (Juliette Binoche) spelar enka til ein velrenomert komponist som dør i ei bilulykke saman med dottera deira. I ettertid av ulykka ønsker ho å komme vekk frå alt og alle, og leiger ein leilegheit under jentenamnet sitt. Olivier (Benoît Régent) vil prøve å fullføre den siste konserten til den avlidne komponisten, og har også lagt sin elsk på Julie.
Musikken er det viktigaste verkemiddelet i filmen. Gongane som bilde stopper opp og musikken tar overhand får det til å krible i heile kroppen, det same kan seiast om sekvensane der fingeren som stryk over notane på eit ark spelar alle instrumenta oppført.
Blå er fargen som Julie prøver å unngå, men likevel ikkje vil gi slepp på. Av dei få tinga ho tar med seg når ho flyttar er ei blå lampe. Mange av bilda i filmen har ein blå tone som stadig minner oss på kvifor Julie er kommen dit i livet som ho er, og gjer at den sørgelege undertonen blir godt halde på.
Eg ser med stor glede fram til dei neste filmane i serien, og håper at dei klarer å gjere det same inntrykket med musikken og bilda som denne filmen her, ikkje nødvendigvis på eit trist nivå, noko eg heller ikkje forventar med fargane kvit og raud.
Filmen heiter Three Colors: Blue på engelsk.