Kva har den gamle dama som prøver å putte ei flaske i returcontainaren her å gjere? Kvifor er det berre i denne filmen ho får hjelp?
Siste film i Trois couleurs-trilogien er den med varmast stemning av fargane. Og Valentine er også den mest omtenksame av dei tre hovudpersonane i trilogien. Skal eg velja ut min favoritt står valet mellom denne og Trois couleurs: Bleu. Trois couleurs: Bleu er hakket betre, men Trois couleurs: Rouge stikk definitivt av med beste slutt.
Valentine er modell, får seg ein ny venn, er uvitande omringa av forhold som ikkje går så bra. Desse andre personane sine roller i filmen krev litt å få med seg skikkeleg, dei er veldig like. Den nye vennen til Valentine er tidlegare rettsdommar, tjuvlyttar på andre sine trådlause telefonsignal, har ein hund som får kvelpar, og drikk pærebrandy.
Den engelske tittelen på filmen er Three Colors: Red.