
Trollflöjten
Svenske Trollflöjten regissert av Ingmar Bergman viser framsyninga av eit operastykke av Mozart. Forteljinga opnar med ei rekke ansiktsuttrykk, kanskje for å gi inntrykk av eit storslått verk. Det varer lenge.
Filmen utforskar òg grensene mellom opera og film. Det verkar litt tilfeldig kor tid det skjer. Og det er mange brå overgongar som får meg til å lure på om det er noko teknisk feil med filmen.
Dave McAllister gir ei interessant forklaring på desse skifta på Dave’s film blog (davefilmblog.com). Han ser korleis Ingmar Bergman først etablerer teaterscena, før klippinga etter kvart tek oss vidare til rom som fungerer på filmen sine premissar. For han blir det ei rørsle frå teatermagi til filmmagi. Eg opplevde ikkje overgongane like smidige, men denne lesinga gjer det lettare å forstå kva blandinga av scene og film kan vere ute etter.
Filmen er både utfordrande og fascinerande. Utfordrande treg. Fascinerande fin i blant. Eg skulle gjerne hatt det korta ned, og meir gjennomført i stilen.
