Tron - Filmdagbok

Tron 1982

Eit gjensyn med TRON frå 1982 resulterte i følgjande tankar.

Filmen er i stor grad dataanimert, sjølv om ikkje alt som ser grafikkaktig ut er det, så er samanhengen mellom green screen og dataanimasjonen saumlaus. Det ser unekteleg gjennomført ut, og stort sett bra ut, og eg lét meg til ei viss grad imponere. Minnet spelte meg eit puss, og eg forventa at dette skulle sjå meir amatøraktig ut. Men eg må gi skryt her.

Filmen handlar om at Kevin Flynn (Jeff Bridges) blir sendt inn i eit stort datanettverk når ein laser treff han. Der må han kjempe mot den lynande intelligente Master Control Program – ein supercomputer, for å redde seg sjølv og nå det målet han skulle når han blei skoten av laseren. Store deler av handlinga går føre seg i ei simulert dataverd. Og sjølv om det ser bra ut og er ei fantasirik framstilling av program og overføring av data, så blir det eit kjedeleg uttrykk i lengda. Eg blir rett og slett lei av det visuelle.

Historia har eg meir sansen for. Motivasjonen til Flynn for å hacke Master Control Program er at selskapet bak har stole programkode frå han, og han vil bevise dette. Eit par andre hjelper han, og dei har sine årsaker, så filmen har fleire vegar mot målet. Filmen har ein tydeleg fiende, eit klart mål, og ein relativt lineær struktur. Her er dei fantasirike omgivnadene ein styrke. Samtidig som alderen til filmen gjer innblikket i teknologien på den tida og teknologiske visjonar til ein del av opplevinga.

TRON er stort sett interessant, men manglar nok den store spenningen for min del.