Hopp til hovedinnhold
Plakat for Tropic Thunder (2008)

Tropic Thunder

Film
3

Trass i fleire lattervekkande sider, dette er ikkje ein film som utmerkar seg spesielt. Joda, det er flust av spark i sida til filmbransjen, spesielt til det me kjenner som Hollywood, men det skin gjennom at det er ei relativt tynn krigsfilmhandling i sentrum.

Eg lét meg underhalda, kjeda meg berre litt her og der, så eg vil ikkje seie for mykje negativt. Kanskje denne filmen kan bli betre ved eit gjensyn? Det blei berre middels denne gongen.

Balansen mellom dum komikk og smart bransjesatire fungerer betre for John Ceballos på What John Thinks (whatjohnceballosthinks.blogspot.com). Han rosar ensemblet, men finn også for mange innslag og enkelte scener som stoppar opp for å gi rom til improvisasjon. Det siste kjenner eg meir på. Når poenga om Hollywood ikkje treff, blir eg sittande og vente på at den tynne krigsfilmhistoria skal kome vidare. Difor blir heilskapen meir middels for meg.