- Filmdagbok

Tropic Thunder

Trass i fleire lattervekkande sider, dette er ikkje ein film som utmerkar seg spesielt. Joda, det er flust av spark i sida til filmbransjen, spesielt til det me kjenner som Hollywood, men det skin gjennom at det er ei relativt tynn krigsfilmhandling i sentrum.

Eg lét meg underhalda, kjeda meg berre litt her og der, så eg vil ikkje sei for mykje negativt. Kanskje denne filmen kan bli betre ved eit gjensyn? Det blei berre middels denne gongen.