
Tucker and Dale vs. Evil
Eg likar utgangspunktet til Tucker and Dale vs Evil, og utføringa er god. Likevel skulle eg ønske ikkje så mykje var blitt avslørt i filmtraileren. Det var han som fekk meg til å sjå filmen, i håp om at det berre var ein smakebit. Derimot blir store delar av dei gode vitsane og vendingane i handlinga avslørt der.
Uansett så likte eg denne filmen godt. Han har gode skodespelarprestasjonar og ei original historie. Eg kunne gjerne tenke meg å sjå filmen ein gong til med tid og stunder.
Vitsane får skryt for ikkje å bli dregne for langt på Direct to Video Connoisseur (dtvconnoisseur.blogspot.com). Skribenten meiner filmen snur grøssarklisjeane på ein artig måte, og at dei to vennene er lette å heie på. Det gir meg også tru på eit gjensyn. Sjølv om eg alt kjende fleire av overraskingane, var det nok glede i utføringa til at filmen fungerte.
