Tucker and Dale vs. Evil - Filmdagbok

Tucker and Dale vs. Evil 2010

Eg likar utgangspunktet til Tucker and Dale vs Evil, og utføringa er god. Likevel skulle eg ønske ikkje så mykje var blitt avslørt i filmtraileren. Det var han som fekk meg til å sjå filmen, i håp om at det berre var ein smakebit. Derimot blir store deler av dei gode vitsane og vendingane i handlinga avslørt der.

Uansett så likte eg denne filmen godt. Han har gode skodespelarprestasjonar og ei original historie. Eg kunne gjerne tenke meg å sjå filmen ein gong til med tid og stunder.