Tucker: The Man and His Dream - Filmdagbok

Tucker: The Man and His Dream 1988

I 1948 kom 1948 Tucker Sedan ut, den einaste bilen som Tucker Car Corporation nokon gang hadde i produksjon.

Tucker: The Man and His Dream er ein film om Preston Tucker, mannen bak bilen. Jeff Bridges spelar hovudrolla, og har med seg mellom andre Joan Allen.

Det handlar om den vanskelege jobben med å få bilen frå idé til produksjon. Tucker møter motstand i alle ledd: Folk som påstår at det er bortkasta tid. Korrupte offentlege tilsette som misbrukar maktposisjonen sin som politisk valde. Dei etablerte bilselskapa vil alltid vere hard konkurranse, men det er lover og reguleringar som øydelegg.