Den norske filmen Tunnelen, med Thorbjørn Harr i hovudrolla, handlar om ei ulykke som skjer i ein norsk tunnel. Og om dramatikken som utfaldar seg under ulykka.
I motsetnad til den førre norske katastrofefilmen eg såg, som var Skjelvet, så er Tunnelen ein seriøs film. Det er ein spennande variant av seriøst, men det som skjer kan skje. Og deler av det har skjedd. Filmen hentar inspirasjon frå mange ulykker. Geografien i filmen er også sett saman av ulike lokasjonar som Vik i Sogn og ein tunnel på Strynefjellet.
Eg såg filmen på juleferie i Sogndal, då han hadde festpremiere. Vik i Sogn ligg eit kort stykke unna, og på premieren var det ein produsent og ein skodespelar frå Sogndal tilstades.
Tunnelen er ein film som gjer nytten, og som godt kan anbefalast om du likar spenning.