
Turning Red
Ei jente blir til ein raudpanda, og det blir bråk og vanskar. Stort meir skal ikkje til for å oppsummer filmen Turning Red. Det er ein artig animasjonsfilm som der og då levere god underhladning, men som hamnar i skuggen av tidlegare gode Pixar-filmar. Dette fordi filmen tek ei vending mot mykje øydelegging og action. Historia blir mindre prioritert, og er eigentleg passe tynn.
Avslutninga fungerer betre for skribenten på A Taste of Spongey (spongey444.wordpress.com). Omtalen meiner dei kjende vendingane blir kombinerte med noko personleg, og at forholdet mellom mor og dotter gir historia kjenslemessig kraft. Eg ser at dette kan treffe, men for meg tek actionen for mykje plass. Det artige uttrykket veg ikkje heilt opp for det eg saknar i historia.
