Twilight Zone: The Movie - Filmdagbok

Twilight Zone: The Movie 1983

Twilight Zone: The Movie består av fire segment. Tre er nyinnspelingar av episodar frå den originale serien The Twilight Zone (1959–1964). Eit er nytt.

Før segmenta byrjar opnar Dan Aykroyd og Albert Brooks filmen med ein uformell prolog og samtale i ein bil. Deretter kjem opningsmonologen.

Første segment, Time Out, er regissert av John Landis. Det handlar om ein mann som etter å ha ytra sterkt hat møt jødar, mørkhuda og asiatar brått hamnar i klørne til nazistane under andre verdskrig.

Det startar bra, men Time Out blir fort kjedeleg. Det er for opplagt, for lite mystikk og handlinga gjentar seg tre gonger på 20 minuttar.

Andre segment, Kick the Can, er regissert av Steven Spielberg. På ein aldersheim opplever den nyankomne herr Bloom (Scatman Crothers) at bebuarane klagar over å ikkje kunne ha det gøy i høg alder. Bloom gjer dei gamle til unge for ei natt, og dei får seg ein lærdom.

Også Kick the Can er sånn passe kjedeleg. Frå første stund er det opplagt kva som vil skje, og det er opplagt kva moralen i historia er. Det skjer heller ingenting spennande i løpet av historia.

Tredje segment, It's a Good Life, er regissert av Joe Dante. Ei 27 år gammal lærarinne hamnar i heimen til ein gut som kontrollerer alt rundt seg ved å ønske seg ting.

It's a Good Life er både visuelt spennande og sprø. Her er mystikken som eg sakna tidlegare i Twilight Zone: The Movie på plass. Det er ikkje godt å vite kva som skal skje undervegs.

Fjerde segment, Nightmare at 20,000 Feet, er regissert av George Miller. John Valentine (John Lithgow) er på eit fly i ein storm, og opplever panikkanfall på toalettet. Då personalet får plassert han tilbake i setet ser han ei skapning på flyet som prøver å sabotere motoren. Resten av segmentet er ei rekke panikkanfall og bråk på flyet.

John Lithgow gjer Nightmare at 20,000 Feet så god som det går. Men det er lite substans, og lite reell dramatikk. Det er sånn passe med mystikk, men det går ingen veg. Samtidig som eg ikkje blei gripen av historia, blei eg fascinert av kaoset og uttrykket til segmentet.

Twilight Zone: The Movie manglar noko som knyt segmenta saman. Som individuelle segment er det heilt greitt, med små oppturar og nedturar undervegs. Som ein enkelt film er det ikkje godt nok.

Om eg skal vurderer det som det er, så vil eg avstå frå den kritiske tonen eg har hatt. Eg kom fort i stemning i prologen, og likte variasjonen og fantasien som var.

Rangert vil eg sette It's a Good Life øvst. Deretter Nightmare at 20,000 Feet, så Time Out og nedst på lista Kick the Can.