
Twin Peaks: Fire Walk with Me
Det tok åtte månader å samle meg nok etter andre sesong av Twin Peaks til å sjå Twin Peaks: Fire Walk with Me. Her står forhistoria til serien i sentrum, med det som skjedde med Laura Palmer før drapet.
Den Twin Peaks eg tidlegare blei glad i glei over i ein mystisk miks som gjorde meg demotivert til straks å gripe tak i Twin Peaks: Fire Walk with Me. For mykje David Lynch i feil format var grunnen, i filmform har eg derimot sansen for mystikken og det overnaturlege til David Lynch så det held.
Ein viktig føresetnad for å få utbytte av Twin Peaks: Fire Walk with Me er å ha sett serien. For å skjønne mest ut av personane og kvifor nedturen til Laura Palmer skal vere interessant å følge i over to timar. Eg påstår ikkje det er nødvendig, for alt eg veit kan dette vere herleg surrealistisk lapskaus for ein som ikkje har sett Twin Peaks. Den ekstra dosen surrealisme samanlikna med serien gjorde dette til ei verdig oppleving også for meg. Serien hadde allereie vist mykje av historia til Laura. No var det stemninga og mystikken eg jakta på.
Twin Peaks: Fire Walk with Me grip tak i mange småting ved sidan av historia til Laura, som sidan blir forlate, for å bli teke opp igjen i første og andre sesong. I blant fekk eg inntrykk av at delar kunne ha vorte verande utelate til fordel for serien sin mystiske natur. Tråden rundt FBI var litt slakk og kunne til fordel ha fått meir fokus på rekning av Laura. I dette ligg nok mi romantisering omkring dei første to tredjedelene av serien, som var best, og at eg ville gjenoppleve den biten her.
På Kinobaza (kinobazaua.com) blir flyttinga frå etterforskinga til Laura sitt eige perspektiv vurdert som eit avgjerande grep. Filmen lar oss oppleve det som i serien var eit mysterium, innanfrå. Det gir meining som inngang, sjølv om eg sjølv gjerne skulle hatt meir av FBI-tråden. Eg kom først og fremst for stemninga og det overnaturlege, medan denne lesinga legg større vekt på kva filmen gir Laura som person.
Eg kunne klart meg utan Twin Peaks: Fire Walk with Me som del av Twin Peaks. Som sjølvstendig film er han heller ikkje heilt fullkomen. Stemninga er likevel fin. Derfor trekk eg ikkje karakteren lenger enn til litt over midten av skalaen.
