Julius Benedict (Arnold Schwarzenegger) og Vincent Benedict (Danny DeVito) er tvillingar. Dei blei skilt ved fødselen, og Julius enda opp som intellektuell og litt naiv, mens Vincent enda opp som gatesmart og utspekulert.
Ein dag i vaksen alder får Julius nyss om at han har ein bror, og reiser frå den fjerne øya han har budd på heile livet til storbyen. Omstenda skal ha det til at han møter Vincent relativt kjapt, og dei formar eit unikt bror- og vennskap. Det er Julius som prøver å få dette til, mens Vincent er tilbakehalden og ser på Julius som ein stor idiot.
Arnold Schwarzenegger er, blir og har alltid vore ein komisk fyr i mine auge, og tydelegvis mange andre sine, ettersom han er halve kjerna av Twins. Han skuffar ikkje meg her, men byr på komiske stunder på rekke og rad. Danny DeVito er den fysiske motsetninga til Arnold Schwarzenegger, og ein omtrent like morosam fyr, men meir på grunn av dyktig skodespel enn mangel på.
Svakheita til Twins er at historia ikkje er den mest interessante. Eit problem mange komediar har, som gjer at dei stort sett endar opp ein plass litt over middels, er at berre enkeltdeler av filmen er artig, men at heilskapen ikkje er komisk eller absurd nok. Twins heng greitt nok saman, men manglar også dette. Dermed blir det stort sett enkeltdeler av filmen, samt nærværet til Arnold Schwarzenegger og Danny DeVito som trekk opp.