
Two Flags West
Nyleg såg eg Major Dundee frå 1965, der Charlton Heston spelar ein unionsoffiser som leier ein troppsdeiling av regulære soldatar, konfødererte fangar og indianspeiarar på ekspedisjon inn i Mexico.
Two Flags West har eit liknande utgangspunkt. Med konfødererte fangar som får frigje seg frå fangeleiren mot å gjere teneste i unionsarmeen, men her dreg dei vestover mot grensa i staden for sørover. Samansetninga er altså slåande lik.
Desse soldatane vart kalla galvanized yankees, tidlegare konfødererte krigsfangar som svor truskap til unionen og vart sende vestover for å kjempe mot indianarar. På grunn av den identiske presmissen opplever eg ein slags déjà vu når eg ser denne filmen. Men om eg skal samanlikne dei to, tykker eg Two Flags West held eit tydeleg fokus og mål for seg.
Joseph Cotten spelar ein konføderert oberstløytnant. Han får tilbod om å få mennene sine frigjevne mot at dei tek teneste ute vest. Problemstillinga i filmen er enkel. Kan desse mennene samarbeide?
Two Flags West høyrer til ei gruppe westernfilmar frå 1950-åra med forsoning etter borgarkrig som tema. Der soldatar frå nord og sør slår seg saman mot ein felles fiende. Dette er ein tendens som går igjen i westernsjangeren på den tida.
Forsoninga er likevel ikkje den einaste konflikten her. Colin McGuigan på Riding the High Country (livius1.com) meiner dei personlege motsetnadene, både mellom hovudfigurane og inni dei sjølve, gir filmen djupne. Han framhevar særleg Jeff Chandler som ein offiser prega av bitterheit og sjølvforakt. Det gir eit meir personleg perspektiv på spørsmålet om desse mennene kan samarbeide.
Det er ein mørk western. Han er voldsom.
Der Major Dundee prøver å vere eit storslått epos, men mistar strukturen undervegs, vel Two Flags West ei å avgrense seg og lukkast med ei historie som er meir rett fram.
