Hopp til hovedinnhold
Plakat for Two of a Kind (1983)

Two of a Kind

Film
2

Dette er ein av dei mange fantasifilmane som tar utgangspunkt i at ein gud leikar med skjebnen til menneskja.

Greia her er alt kjem an på om ein fyr, John Travolta, klarar å gjenopprette trua til guden på menneske. Det er nokon englar som har fått guden til å godta at om dei kan reformere denne fyren, så blir det ingen dommedag.

Og vidare følger ein tam actionkomedie der Olivia Newton-John dukkar opp som kjærleiksinteressa til John Travolta. Tam fordi alt verkar å vere obligatoriske innspel til filmen. Som om ein gjeng produsentar har handplukka blant storbyklisjear innan actionkomedie.

Det fell ikkje i smak.

Jason Rugaard på Movie Mavericks (moviemavericks.com) meiner også manuset er hovudproblemet. Han opplever dei to sentrale personane som sjølvopptekne og lite tiltalande, og dei mange bipersonane som meir forvirrande enn nyttige. Det er vanskeleg å få noko varmt eller morosamt ut av eit slikt opplegg. For meg blir dei store innsatsane i fantasihistoria berre ei ramme rundt velkjende innslag som aldri får særleg liv.