U.N. Me - Filmdagbok

U.N. Me 2012

Det U.N. Me manglar i produksjonsretta takt hentar filmen inn igjen dobbelt opp i skarp, men sakleg kritikk mot FN.

Inndelt i tydelege bolkar tar U.N. Me for seg eit og eit poeng som kritiserer det FN har blitt, med tanke på det FN var meint å vere.

Det går på skandalar, aning til korrupsjon og byråkrati. Det er folk i topposisjonar som trass i bevis og mange kjelder hevdar å aldri ha blitt informert om saker. Det handlar om feilprioritering, dysse ned saker om folkemord og feige leiarar. Og alt som er feil med FN.

FN er finansiert av skattepengar. Så dette er noko du er med på å betale for. Det er eit av mange problem med skattepengar, du får ikkje bestemme over dei.