Un conte de Noël - Filmdagbok

Un conte de Noël 2008

Elizabeth har støytt ut den yngre broren sin frå livet sitt, noko heile familien lid av. Då mora deira får kreftdiagnosen fem år seinare er det lite som kan hindre ei familiegjenforeining rundt juletider.

Det handlar ikkje så mykje om ein dysfunksjonell familie, då det mest er forholdet mellom Elizabeth og broren Henri som er trøyttande, men om ein familie med mange individuelle problem. Det er lite julestemning å hente. Det er mentale problem og kjølige familierelasjonar på plakaten.

Det er nok her til å bli god film. Men det er synd at ein del går vekk i litt mange sidesprang og nesten tilfeldige innslag av ei forteljarstemme. Ho verkar på langt nær som ei gjennomtenkt sak.

Un conte de Noël set lys på mange spesielle situasjonar undervegs, men ei forventa stemme frå filmskaparen glir smått bort i alt levenet. Godt er det då med fargerike karakterar som både utfyller og støyter frå kvarandre i dette møte, og til ei viss grad klarar å tilføre filmen noko å bli interessert i.

Den engelske tittelen til filmen er A Christmas Tale.