Hopp til hovedinnhold
Plakat for Un + une (2015)

Un + une

Film
3

Un + une, som betyr Han + henne, er ein fransk romantisk komedie og drama om ein filmmusikkomponist på oppdrag i India. Han har blitt henta dit for å sette musikk til ein indisk New Wave-film. Han drar frå kjærasten sin, og får vondt i hovudet på vegen. Dette er bakteppet i korte trekk.

Vel framme blir det ein samankomst hjå den franske ambassaden. Der kjem han i snakk med kona til ambassadøren, som han igjen møter på jobb neste dag. Dei får i gong ein god samtale, som blir ein sentral del av filmen.

Eg synest ikkje dette er den festlegaste romantiske komedie eg har sett. Han er både litt tung i tonen. Det er ikkje eit utprega alvor, men det verkar som filmen forsøker å vere noko eige her som ikkje slår an. Det er vanskeleg å sette ord på det. Men eit anna eksempel er at filmen serverer oss enkelte situasjon, som brått viser seg å vere ein draum. Og i blant er han utydeleg på om det er ein draum. I blant er det ikkje ein draum. Samtidig er ikkje filmen spesielt kunstnarisk, så det å akseptere dette grepet som kjem ut av det blå er vanskeleg.

Men eg har sansen for Jean Dujardin i hovudrolla, og Elsa Zylberstein som motspelaren hans. Dei er truverdige, har god kjemi, og elles har karakterane ein god dynamikk. I tillegg dukkar Highlander-alumn Christopher Lambert som den franske ambassadøren.

Jean Dorel på Jean Dorel regarde des films (jeanregardedesfilms.blogspot.com) meiner Jean Dujardin passar svært godt inn i Claude Lelouch sitt univers av digresjonar og improvisasjon. Men der eg likar samspelet mellom dei to, opplever han at Jean Dujardin sine replikkar og mimikk overskyggar Elsa Zylberstein. Det er ein interessant skilnad i ein så samtaledriven film. Kjemien er avhengig av at begge får plass, også når den eine karakteren er meir utettervend.

Alt i alt ein midt på treet grei film. Litt morosam, litt trå.