Hopp til hovedinnhold
Plakat for Undead (2003)

Undead

Film
2

Undead verkar som ein lågbudsjettsfilm. Det er ingenting i vegen med det. Bortsett frå at filmen er full av dårlege effektar som må ha kosta mykje.

Med ei blanding av levande døde, romvesen og blod så har Undead definitivt potensiale. Men eg saknar humor med glimt i auge som filmen legg så godt til rette for. Eg saknar smarte replikkar og eg saknar overraskingar.

Alt i alt er Undead meir om skriking og folk som slåst mot kvarandre på same måte gjennom heile filmen. Eg blir lei av det etter eit par minuttar.

Ein sjeldan morosam bit er det innimellom, og småbyvinklinga set eit fint preg på filmen. Eg vil likevel ikkje anbefale filmen for andre enn den harde kjerna av zombiefans.

Det er meir humor å finne for skribenten på Watching the Dead (watchingthedead.blogspot.com) enn det var for meg. Han oppfattar filmen som medvite fjollete og har glede av delar av galskapen. Likevel meiner han at speletida er for lang og at filmen ikkje tilfører sjangeren særleg mykje. Der møtest me. Blandinga av monster er lovande, men påfunna må gjere meir enn å halde bråket i gang.