Undead verkar som ein lågbudsjettsfilm. Det er ingenting i vegen med det. Bortsett frå at filmen er full av dårlege effektar som må ha kosta mykje.
Med ei blanding av levande døde, romvesen og blod så har Undead definitivt potensiale. Men eg saknar humor med glimt i auge som filmen legg så godt til rette for. Eg saknar smarte replikkar og eg saknar overraskingar.
Alt i alt er Undead meir om skriking og folk som slåst mot kvarandre på same måte gjennom heile filmen. Eg blir lei av det etter eit par minuttar.
Ein sjeldan morosam bit er det innimellom, og småbyvinklinga set eit fint preg på filmen. Eg vil likevel ikkje anbefale filmen for andre enn den harde kjerna av zombiefans.