Ei amerikansk kvinne slit framleis eit år etter skilsmissa. Ho bestemmer seg for å leve ut ein draum ho alltid har hatt, og kjøper seg eit oppussingsobjekt i Toscana i Italia.
Diane Lane gjer ei flott rolle i Under the Tuscan Sun, ein idyllisk og romantiserande film om glansbildet Italia. Ho møter på mange folk med sine historier som utfyller hennar eiga, som eigentleg er litt tynn.
Men ein film som dette handlar mest om å få ei god kjensle og la seg inspirere. Dette er ein film som gir deg lyst til å reise og bli kjent med folk. Tid og avstand er fråverande frå denne historia.
Og difor likar eg dette. Nok til at eg no hadde eit gjensyn med filmen når sjansen var der. Det var ei betre oppleving første gangen, men eg kosa meg også godt no.