Undisputed II: Last Man Standing - Filmdagbok

Undisputed II: Last Man Standing 2006

Tåpelege muskelbuntar slåst i russisk fengsel drive av mafia og korrupte vakter. Amerikansk mørkhuda boksar med få, men sterke ord blir sett på grunn av store pengar og overført til fengselet, der han blir tvinga til å kjempe mot ein russisk meistar. Menn i dyre dressar med sansen for sigarar og kaviar som alle snakkar engelsk bidrar til eit komplett og typisk bilde av eit hardt russisk miljø.

Ein mann med namn Michael Jai White som ikkje kan anna enn å slåst er hovudrolleinnhavaren i ein film med ei historie som ikkje gir oss anna enn eit par slåstkampar å følge med på. Om du er interessert i såleis, kan det fungere. Det er ikkje eg.