Ungdommens råskap - Filmdagbok

Ungdommens råskap 2004

Med Ungdommens råskap viser Margreth Olin korleis ungdommen på ein skule i Oslo oppfører seg, framfor kamera. For eit av dei mange problema til filmen er at det lett kan merkast i fleire av situasjonane som blir tekne med at ungdommen overdriv.

Dessutan blir filmen aldri meir enn ungdom som lager trøbbel, med eit par lyspunkt som viser at dei kan vere kreative når dei vil. Men dette er på langt nær med på å vege opp for noko. For Margreth Olin er ungdommen ei gruppe menneske med dårleg oppførsel og ingen evne til å reflektere over saker. Når det skjer noko positivt er det fordi ungdommen synst det er morosamt, ikkje fordi dei innser at dei kan gjere godt.

I blant dukkar det opp eit par ektefølte sekvensar som ikkje er skapt for kamera, der situasjonar me alle har vore i oppstår.

Mangelen på utvikling, i heile tatt retning, er den største akilleshælen til filmen. Det blir kjedeleg etter ti minuttar fordi eg veit at Margreth Olin vil pøse på med nye episodar bygd på same ideen gjennom alle dei 80 minuttane.