Hopp til hovedinnhold
Plakat for United 93 (2006)

United 93

Film
4

United 93 er sterke saker.

Dette er filmen om det siste flyet. Det som ikkje traff nokon bygning i samband med tragedien i USA den 11. september 2001. Filmen blir vist i sanntid, som i at eit minutt på filmen tilsvarar eit minutt på ekte når dette skjedde. Og med handhalde kamera blir det i tillegg ein dokumentarprega film. Det kjennest rett nok meir ut som ein dokumentar enn eit drama, men noko her er nok det blitt tenkt fram til framfor henta frå sikre kjelder.

Av skodespelarar er det ikkje så mange kjente, noko som passar meg godt i ein slik film, eg kunne aldri sett for meg Tom Cruise prøve å redde passasjerane. To ansikt har eg sett før, Christian Clemenson og David Rasche.

Det er brukt veldig lite musikk, eg la faktisk merke til det berre to stader, og det vart difor ekstra sterkt i dei samanhengande. Ein kandidat for beste film i september 2006. Eg fekk iallfall frysningar på ryggen, så det lovar godt.

John Kenneth Muir på Reflections on Film and Television (reflectionsonfilmandtelevision.blogspot.com) er vanlegvis skeptisk til eit ustøtt kamera som snarveg til intensitet. Her meiner han nærbileta og dei lite kjende ansikta faktisk får oss til å oppleve menneska som vanlege folk. Det er mykje av den same kjensla eg sit med. Filmen treng ikkje ein kjend helt eller store musikalske understrekingar for å verke sterkt, fordi nærleiken til situasjonen alt gjer så mykje.