United 93 er sterke saker.
Dette er filmen om det siste flyet. Det som ikkje traff nokon bygning i samband med tragedien i USA den 11. september 2001. Filmen blir vist i sanntid, som i at eit minutt på filmen tilsvarar eit minutt på ekte når dette skjedde. Og med handhalde kamera blir det i tillegg ein dokumentarprega film. Det kjennest rett nok meir ut som ein dokumentar enn eit drama, men noko her er nok det blitt tenkt fram til framfor henta frå sikre kjelder.
Av skodespelarar er det ikkje så mange kjente, noko som passar meg godt i ein slik film, eg kunne aldri sett for meg Tom Cruise prøve å redde passasjerane. To ansikt har eg sett før, Christian Clemenson og David Rasche.
Det er brukt veldig lite musikk, eg la faktisk merke til det berre to stader, og det vart difor ekstra sterkt i dei samanhengande. Ein kandidat for beste film i september 2006. Eg fekk iallfall frysningar på ryggen, så det lovar godt.