Hopp til hovedinnhold
Plakat for Up (2009)

Up

Film
4

Den nyaste filmen frå Pixar var ein fin film, som ikkje innfridde heilt. Delar av ei god kinooppleving forsvann i eit hav av surr frå ungdommane i salen. Det som kan bli skulda på filmen var den meiningslause 3D-en som heller resulterte i eit plastikkmonster i trynet og smalare widescreen, meir enn glede.

Som mitt første møte med 3D-kino skuffa han. Men den vaksne tonen og at filmen til tider var hysterisk skugga over eit par for mange sløve bitar. Ein trist og urettferdig start danna eit godt grunnlag. Vippekarakter til denne strevaren etter perfeksjon, men Pixar har litt igjen.

Opninga legg lista høgt også for Fred Ut, Sønn (fredut.wordpress.com). Han rosar motet til å møte barn med så vanskelege kjensler, men meiner historia får langt mindre kraft etter prologen. Der er han strengare enn eg er, sjølv om me begge sit med noko uinnfridd. For min del er det nok av både vaksent alvor og hysteriske innslag til at filmen held seg godt oppe, men starten lovar kanskje aller mest.