Dei fire verste studentane på det verste colleget i USA får to val av dekanen sin: Anten delta i ein raftingkonkurranse og vinne, eller tole konsekvensane av drit han har funne om dei.
Tim Matheson spelar ein av studentane. Han er ein vaksen mann som er inne i sitt 12. studieår. Han er ein artig og talefør fyr, og helten vår.
Handlinga som spelar ut seg vidare er klassisk collegehumor. Våre utskot mot typiske sportsidiotar i samarbeid med leiaren til konkurransen. Eit diskvalifisert lag frå ein militærskule er òg blant truslane.
Up the Creek er best på humor, og har mange herlege innslag. Karakterane er gode, og hunden til karakteren til Tim Matheson er fantastisk. Det er i grunn alt som trengst for ein og ein halv time uforpliktande komedie.