Hopp til hovedinnhold
Plakat for Upside Down (2012)

Upside Down

Film
4

Upside Down fekk meg til å tenke heile vegen om både det eine og det andre kunne gå an.

Det er visuelt ein spennande og ein kreativ film.

Kjærleikshistoria er noko tynn. Filmen manglar noko eller nokon å heie på. Kirsten Dunst og Jim Sturgess er ikkje nok.

På ChCse’s Blog (chcse.blogspot.com) blir den kreative grunnideen også trekt fram, men skribenten finn romantikken keisam og for lite utvikla. Omtalen har dessutan problem med at reglane for dei to verdene ser ut til å endre seg når historia treng det. Eg blir også sittande med mange spørsmål, men har meir glede av sjølve presentasjonen. Den merkelege verda gir meg nok å sjå og tenke på til at filmen held interessa, trass i den tynne kjærleikshistoria.

Filmen tar ein del føresetnader. Om rikdom, årsaker til at folk blir undertrykt og tilsvarande.

Likevel er det ein av dei mest interessante presentasjonane av ei anna verd eg har sett på lenge. Trass i at filmen ikkje er alt han kunne ha vore, så lar eg tvilen komme Upside Down til gode.