
Vacancy
Vacancy skal ha litt skryt for å gjere ting på sin eigen måte, likevel om verken miljø eller grunnlag verka nytt i thriller- og grøssarsamanheng. Problemet med måten Vacancy er lagt opp på er at han blir kjedeleg. Med unntak av eit par stader gir han aldri skikkelege grøss.
Verken Kate Beckinsale eller Luke Wilson gjer meir enn eit ukjent ungdomsansikt ville ha gjort i ein slik film. Det bidrar til å forsterke inntrykket mitt om at dette er ein svak film.
Skodespelarane får ei meir velvillig vurdering på movieEVERYday (movieeveryday.blogspot.com). Skribenten meiner Kate Beckinsale og Luke Wilson gjer sitt beste med ein film som bruker opp det skumle for raskt. Eg får mindre ut av prestasjonane deira, men kjenner igjen problemet med spenninga. Eit ubehageleg utgangspunkt er ikkje nok når filmen ikkje finn gode måtar å halde det levande på.
Som første film på ny tv må eg få fram at eg i tillegg såg han i høg oppløysing. Detaljane såleis var ganske gode. Kameraarbeidet var som mykje anna litt skuffande, og med dei flotte kulissene og location som er her kunne filmen i det minste ha sett veldig bra ut.
