Valley Girl frå 2020 er ei musikalsk nytolking av Valley Girl frå 1983. Filmen frå 1983 var ein av dei tidlegaste hovudrollane til Nicolas Cage, og var inspirert av ein Frank Zappa-song med same namn.
I denne musikalen er det også mange ferske skodespelarar. Eit og anna ansikt kjenner eg igjen frå seriar som Riverdale og Transparent, men elles er det mange ukjente her for min del. Med unntak av skodespelarane som spelar foreldra til fleire av karakterane.
Alicia Silverstone opnar filmen som ei mor som fortel dottera si om korleis livet hennar var som tenåring. Og det er gjennom denne forteljinga at me får ein miks av eit overdrive preg av 1980-talet. Her er det smurt tjukt på med kjente popsongar og referansar. Alt er pakka inn i dei sterkaste og lyse fargane, iallfall når det gjeld personane og miljøet sett til San Fernando Valley. Ein dal i nærleiken av Los Angeles.
Valley Girl stikk ikkje spesielt djup. Det er ein enkel film, men han er godt laga med tanke på det han prøver å vere. Som er ei oppfordring til å vere din eigen person, uavhengig av kor du kjem frå, kva venner du har, eller kven du møter på vegen. Det er det fine med hovudrolla Julie i denne filmen. Ho vel å finne ut kva som passar ho, og let seg ikkje avgrense av verken vennene ho allereie har, eller kjærasten ho kjem til å få.
Trass i at mykje av det som skjer i Valley Girl er overfladisk, og at tolkinga av songane er så som så, så er det akkurat nok meining i filmen til at han blir god nok.