Hopp til hovedinnhold
Plakat for Vampyr - Der Traum des Allan Grey (1932)

Vampyr - Der Traum des Allan Grey

Film
3

Tyske Vampyr - Der Traum des Allan Grey frå 1932 er ein tidleg lydfilm. Det betyr at det strengt tatt ikkje er så mykje lyd, og framleis ein del tekstplakatar.

Dette er ein skrekkfilm om ein ung fyr på reise til ein liten fransk stad. Han hamnar oppi eit mysterium, og avdekkar etter kvart forhistoria til staden som inneheld vampyrar. Ei ung kvinne der er også sjuk, biten av ein vampyr.

Dette er ei svært stemningsfull sak, men eg fall dessverre litt ut av tråden etter ei stund. Det gjekk litt seint framover. Forma var også uvand å komme inn i igjen etter lang tid utan stumfilm.

Stemninga er også det sterkaste for Alex Thompson på Benefits of a Classical Education (benefitsofaclassicaleducation.wordpress.com). Han rosar særleg den urolege kameraføringa og skuggane som gjer det vanlege utrygt, men meiner midtpartiet mistar mykje av oppfinnsamheita. Eg får mindre ut av heilskapen enn han gjer, men kjenner att dette skiljet. Filmen kan skape flotte og urovekkande inntrykk utan at eg heile tida klarer å halde fast i handlinga.

Uansett så er ikkje dette den heilt store opplevinga, men ein kurant film for stemninga sin del.