
Van Wilder 2: The Rise of Taj
Van Wilder 2: The Rise of Taj har to gode sider, og for mange dårlege.
Kal Penn er morosam, spesielt når du kan knyte han opp mot framferd i House og Harold & Kumar-filmane. Og filmen unngår å dra episodar for langt ut, noko som du burde kunne forvente av all film, men som likevel skil seg ut som ei lys side i denne.
Elles er det altfor tydeleg at både Ryan Reynolds og det særeigne ved personen Van Wilder er borte, og berre den lunka historia som er resten av strukturen i desse komediane er igjen. Filmen blir under middels, men uthaldeleg.
Kal Penn får lite hjelp av manuset, meiner Ryan Cullen på Reel Opinions (keiichisreelopinions.blogspot.com). Han finn ei bleik samling av gamle collegefilmgrep, der Taj blir meir ein som held oppmuntrande talar enn ein figur som får vere morosam. Eg finn meir å glede meg over i Kal Penn, men saknar den same personlegdommen rundt han. Når berre oppskrifta står att, hjelper det lite at filmen framleis brukar Van Wilder-namnet.
