Hopp til hovedinnhold
Plakat for Van Wilder: Freshman Year (2009)

Van Wilder: Freshman Year

Film
2

På tidslinja er handlinga i Van Wilder: Freshman Year lagt til før National Lampoon's Van Wilder, som i motsetning til denne var ein film som eg likte.

Ein noko kjent Jonathan Bennett har hovudrolla i denne filmen som fortel om korleis mannen, myten og legenda Van Wilder oppstod. Rolla som Ryan Reynolds spelte som ein sju år eldre fyr i den første filmen frå 2002.

Korleis blir du legende på eit college som vist i ein National Lampoon-film til? Festing, sprell og nakne damer i ein direkte til video-film som denne.

Det er ganske så tomt. At det er tullete har eg ingenting i mot. Utan å skryte for mykje om den første filmen heller, så hadde han i det minste nokon karakterar og ei meir fornuftig historie. Her manglar dette, og filmen er meir eit fartøy for vulgære innslag.

Ei forhistorie bør vel gi oss noko meir enn ei ny runde med dei same påfunna. Josh Clinton på Inside Pulse (insidepulse.com) meiner filmen korkje finn forma som sexkomedie eller romantisk komedie, og at figurane rundt Jonathan Bennett blir reine stereotypiar. Det utdjupar tomheita eg sit med. Vulgære innslag kan vere morosame, men dei treng noko å spele mot når dei skal bere ein heil film.