Hopp til hovedinnhold
Plakat for Vanity Fair (2004)

Vanity Fair

Film
3

Eg hadde lyst på eit godt kostymedrama og hadde Mira Nair sin Monsoon Wedding i tankane. Då verka Vanity Fair med Reese Witherspoon i hovudrolla som eit godt val. Filmen har også fleire kvalitetar, men eg får ikkje tak i nok av dei til å bli heilt med.

Becky Sharp (Reese Witherspoon) vil opp og fram i det engelske samfunnet. Historia rommar både ambisjonar, forhold og pengar, og ho har mykje godt stoff å gå inn i. Eg likar grunnlaget for forteljinga.

Nick Schager på Slant Magazine (slantmagazine.com) meiner den store plassen hovudfiguren får, gjer balansen mellom historiene skeiv. Det er hans forklaring på noko av det som ikkje fungerer. Eg kjenner først og fremst at eg ikkje får ordentleg tak i alle menneska og samanhengane.

Då blir dei godt over to timane lenge å halde følge. Filmen har ei god historie å arbeide med, men for meg blir avstanden til delar av henne for stor til at lengda fungerer heilt.